Blogg skriven i samband med vidareutdanning IT307.Modul 3. Arbeidskrav: Informasjonskompetanse.
UNGDOM OG MEDIEVANER
Diigo-gruppa vår: Triplett
Wiki: Ungdom og medievaner
Dette er ei oppgåve der vi har hatt hovudfokus på "Ungdom og medievaner". Eit viktig tema, vi ser at IKT har samfunnsendrane kraft, påverkar tilhøva for menneskleg samhandling og kontakt. Det har stor sosial, politisk og kulturell innverknad på nordmenns daglegliv. (SSP. IKT)
Vi er tre på gruppa og har valt å skrive tre korte artiklar om fylgjande tema: Generasjonskløfta, blogging og mobbing når det gjeld ungdom sine medievaner.På vår gruppe har vi valt å tolke det som står i arbeidskravet "alle skal ha bidrege i alle artiklar" som at kvar av oss har vore inne på kvar artikel og skrive litt kvar med utgangspunkt i den kjeldelista vi har laga på diigo, sett inn video, podcast og liknande.Det har vore mykje arbeid, for ein som aldri har brukt desse vertøya før tek det litt tid å setje seg inn i korleis dei vert brukte og få det "tekniske litt inn i fingrane" Den andre store utfordringa har vore å finne stoff til artiklane. Det som karakteriserer ungdom sin mediebruk er at dei er mykje på nett og mange er svært ukritiske ved søk og bruk av kjelder - nokre brukar nettet opptil 8 timar pr.døgn. Internett har vorte ein fritidskultur og svært mange publiserer mykje på Internett- delvis svært ukritisk. (Dalgarden, Tone, Ottestad,Geir og Tømte, Chatrine: Kildekritikk og kritisk refleksjon- Forskning viser)Difor er det naturleg å sjå litt på kjeldekritikk. Meir enn nokon gong har eg sett jungelen av stofftilfang som finns ute på nettet,og har arbeid med type kjelde, søk og kjeldekritikk. Har brukt mykje tid på å reflektere rundt og vurdere dei ulike kjeldene. Kva blir presentert og på kva måte? Her vert TONE eit nøkkelord ved vurdering av informasjonskjelder.TONE står for 4 viktige nøkkelord ved vurdering av informasjonskjelder.Truverdig - er kjelda sikker? Objektiv - er kjelda nøytral? Nøyaktig- finn eg slurv og juks? Eigna - finn eg dei svara eg treng? Dersom eg kan svare ja på desse spørsmåla, kan eg vere sikker på at det er ei kjelde eg kan nytte.
TONE- Kvalitetsvurdering av kjelder
I tillegg til arbeidet med kjeldene i lista på diigo var neste trinnet å velje ut og finne ei god plassering av tekst, video, podcast og bilete slik at det vart presentert som ein heilheit i kvar artikel. Spørsmåla her vert: Kva blir presentert, på kva måte og korleis kommuniserer det utvalde stoffet?
På Wiki har vi vore gjennom ein skriveprosess med utgangspunkt i kunnskapsbasen vi laga på diigo.Arbeidet på Wiki likte eg, å ta i bruk diskujonsvertøyet var veldig nyttig. Det at eg har jobba så mykje med det fører til at eg etterkvart føler meg så trygg på å arbeide på denne måten.Gjennom dette arbeidet føler eg at eg har lært så mykje at eg kan tenke meg å ta dette i bruk med elvane mine på eit høvleg emne.Ser samtidig at det i eit slikt undervisningsopplegg er viktig å setje av god tid både til den reint tekniske bruken og ikkje minst legge vekt på kjeldekritikk.
Kjelder.
Kjelder, søk og samarbeid.
IKT-KURS. Lærere VGS. Modul 3 - 3.samling
lørdag 14. mai 2011
torsdag 31. mars 2011
Bruk av fagnettverk i naturfag som støtte for læring.
Dette er ein fagblogg skriven som eit refleksjonsnotat i samband med vidareutdanning i IT307, innlevering 2.april 2011.Arbeidskrav 2.
Med utgangspunkt i dei 2 kompetansemåla i Bioteknologi naturfag Vg1, studiespesialiserande:
Har valt å bygge undervisningsopplegget rundt viten.no : Genteknologi. Ved å stille spørsmålet: "Skal vi tillate genmodifisert mat i Noreg?" og late det ende ut i ein paneldebatt om emnet som avslutning av undervisningsopplegget, vert det ein "raud tråd" gjennom opplegget. Vil tru at det motiverer elevane betre og det er med på å hjelpe dei å avgrense det fagstoffet som dei skal arbeide med. Dei har noko heilt konkret å gå ut frå i læringsarbeidet og dei må vere budde på å vise overfor både seg sjølv og andre at dei har vore gjennom ein læringsprosess.Har valt å presentere fagstoffet i ein presentasjon der alle figurar/bilete er henta frå lokus.no, der alle figurar frå læreboka er å finne.Firgurar/bilete vert presenterte i ulike samanhengar, elevane kjenner dei igjen. Di fleire gonger dei møter figurane, di større sjanse er det for at dei hugsar dei og det dei står for.I tillegg til læreboka har eg valt å bruke mange ulike læringsressursar.Dette er ei bevisst val, for ta i bruk så mange sansar som mogleg hos elevane for ei betre læring.Prøve å skape ei spennande og variert undervisning som kan engasjere elevane sjølv om ein del av fagstoffet til dels er veldig vanskeleg.
I dette undervisningsopplegget vil eg legge til rette for eit lærringsmiljø som læringsfelleskap, ved å bruke nettbaserete diskusjonsfora, felles oppgåvelevering, samskriving av dokument og gje nettbasert tilbakemelding i tillegg til munnleg. Lærinssstrategien her er i hovudsak samarbeidsstrategi, der elevane skal samarbeide om å løyse opppgåver, utveklse info og løysingsforslag ved hjelp av sosiale media som Twitter og google.docs.
Når fagstoffet er gjennomgått vil eg sleppe elevane laus på nettet og bruke Twitter, opprette adresse for eit område der dei kan samle sine nettadresser som omhandlar dette temaet. Dermed får dei ein bank av nettadresser som alle har tilgong på og her er det rimleg å ta fram kva som er kriterier for gode faglege kjelder. Dette fører vi så vidare i førebuinga av paneldebatten der dei som har same roller nyttar google.docs og presentasjonsvertøyet i google.docs for å systematisere og presentere sine argument. Dei legge fram fagstoff og deler med kvarandre og gjennom dette er dei med å korrigere og kvalitetsikre sine argument til bruk i debatten.Dei deltek i eit fagopplegg der dei kan ta i bruk digitale ferdigheiter som dei gjerne brukar på fritida. Har prøvd å lage eit variert og spennande undervisningsopplegg om eit aktuelt og vanskleg tema, der eg har teke i bruk ulike undervisningsmetodar, læringsmiljø, læringsstrategiar og ulike læringsnettverk for å støtte elevane i læringsarbeidet. Er det nokon som har tilbakemeldingar å gje på dette opplegget?
Undervisningsopplegg
Med utgangspunkt i dei 2 kompetansemåla i Bioteknologi naturfag Vg1, studiespesialiserande:
- forklar genetisk kode og hovudtrekka i proteinsyntesen samt diskutere betydninga av arv og miljø
- vurder informasjon om og drøfte etiske spørsmål knytta til bioteknologi

torsdag 10. mars 2011
torsdag 17. februar 2011
Digital kompetanse i pedagogisk arbeid
Dette er ei fagblogg skriven som eit refleksjonsnotat i samband med vidareutdanning IT307. Innlevering 01. Februar 2011.
Oppgåva er laga i høve til kompetansemålet:
Gjere greie for korleis varmepumper virkar, og i kva samahengar varmepumper vert brukt
Oppgåva er laga i høve til kompetansemålet:
Gjere greie for korleis varmepumper virkar, og i kva samahengar varmepumper vert brukt
Naturfag Vg1 studiespesialisering er eit fag der det finns svært mange digitale resurssar, både slike som er pedagogisk tilrettelagde for undervisning som nettstader knytta opp til lærebøker,NDLA,Viten. no, naturfag.no osv. i tillegg er det eit konglomorat av andre nettresurssar ein kan bruke. I mi undervisning i dette faget brukar eg mange og varierte resurssar for å nå flest mogleg elevar på det nivået dei er på. I følge ITU Monitor 2009 har vidaregåande skule kome lenger i å ta i bruk IKT i det fagleg pedagogiske arbeidet en grunnskulen, det meiner eg stemmer godt for mitt fag. Vi har god dekning av maskiner - elevane har eigne bærbare. Skulen har satsa på IKT- bruk,det vil og påverke elevane sin digitale kompetanse.
I læreplanen for naturfag, spesielt i "Forskarspiren" vert det vektlagt: utforsking, måling,visulalisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering og desse er spesielt knytt opp mot det å vere digital.Gjennom arbeidet med denne oppgåva har vi prøvt å tilrettelegge arbeidet slik at vi får ta i bruk flest mogleg av desse omgrepa.Dessutan er det å bruke konkrete praktiske modellar i tillegg til IKT veldig nyttig i det pedagogiske læringsarbeidet, elevane får inn lærestoffet på mange ulike måtar. Vi som lærarar skal i følge Alex Strømme i " Å vere digital i naturfag" s.170
- gjere naturfag tilgjengleg
- gjere tankar synlege
- hjelpe elevane til å lære av kvarandre
- hjelpe elevane "livslang læring"
Ser og i UTI Monitor 2009 at lærarane er mest fornøgde med eigen kompetanseheving i IKT gjennom prøving og feiling samt kollegarettleiing.Prøving og feiling må til og det er ofte svært tidkrevjande, det er godt å ha gode kollegaer ein kan spørje. Eg meiner det er mykje meir lærerikt å gå på eit kurs med pedagogisk tilrettelegging for å få grunnleggande kunnskap om dei ulike verktøya slik at eg langt på veg er sjølvhjelpt, for så å spørje seg til råds når eg står fast.Det handlar og om å ikkje "bruke opp" sine kollegaer.
Gjennom arbeidet med ei slik oppgåve lærer ein å vere digital, det innebær at " verktøybruken blir en internalisert del av ens handlingsmønstre --- først når vi ikke lenger tenker over at den er der, er den helt integrert og kan brukes effektivt" (Hildegunn Otnes s. 14) Det er og å håpe at kunnskapen kan vere grunnlag for ny praksis. Her kjem dei 3-R-ane som Hildegunn Otnes omtalar inn.
Relevans - lære seg til å sjå dei digitale media i ein fagleg samanheng og late elevane bruke dei
relevant.
Repertoar - omfattar dei konkrete moglegheitene som finns i digitale medier og som utgjer eit potensialt
repertoar i det faget eg underviser i. Eg har gjennom dette arbeidet heilt klart oppdaga nye ting
som eg kan gjere meg nytte av i undervisninga.Som ved bruk av Google dokument opplasta til
Fronter automatisk vert oppdaterte.
Refleksjon - det metaperspektivet og den evna til nytenking som er nødvendig å ha i alt undervisningsarbeid,
spesielt i høve til digitale medier.
Ser at det vanskleg let seg gjere å få laga eit godt undervisningsopplegg med utgangspunkt i dei 3 R-ane utan å ha eit solid fagleg fundament i botnen. Skal læraren vere ein fagleg tilretteleggar, inspirator og vegleiar og samstundes vere bevisst på kvifor ein vel å bruke ulike nettresurssar og læringsplattformer konstruktivt må den faglege -, pedagogiske - og digitale kunnskapen hos læraren vere god.
Kjelder:
Hatlevik, O E: ITU MOnitor 2009 - Skolens digitale tilstand
Otnes, Hildegunn: Å vere digital i alle fag. Unuversitetsforlaget 2009. Oslo
Strømme, Aksel: Å vere digital i naturfag
onsdag 16. februar 2011
Varmepumpe - ein energisparar?
Dette er ein fagblogg skriven i samband med vidareutdanning IKT307 Oppgåve A.
Innlevering 01.2011.
Vi er tre realfaglærarar som har valt å lage eit undervisningsopplegg i naturfag Vg1 om varmepumpe. Med utgangspunkt i læreplanen:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1099072&visning=5&sortering=2&kmsid=1099083
Kompetansemålet vi har for dette undervisningsopplegget er:
Gjer greie for korleis varmepunper virkar, og i kva samanheng varmepumper vert brukt.
Varmepumpe vert sett på som ein energisparar, men det viser seg at i mange heimar brukar dei ikkje mindre elektrisitet ved å ta i bruk varmepumpe. Korleis kan det forklarast?
Vi vil gjennom dette opplegget lære elevane om prinsippet for varmepumpe gjennom:
Arbeidsfordelinga i gruppa har vore veldig grei, vi valde å dele i 3 hovudområde der vi hadde hovudansvar for kvart vår:

- Presentasjon av temaet, med innlagt videofilm.
- Teorioppgåver på grunnlag av presentasjonen og oppgåver med nye videofilmar, der elevane arbeider i grupper og brukar Google dokument til å løyse oppgåvene.
- Praktisk utprøving av fysiske prinsipp i varmepumper.
- Demonstrasjon av modellvarmepumpe med tilhøyrande oppgåver og innlevering som elevforsøk
- Elevane lagar ein presentasjon der dei viser fagkunnskap om emnet samtidig som dei lærer seg/brukar presentasjonverktøyet i Google dokument.
Arbeidsfordelinga i gruppa har vore veldig grei, vi valde å dele i 3 hovudområde der vi hadde hovudansvar for kvart vår:
- Lage ein presentasjon.
- Finne filmar/videoar og utarbeide dei praktiske aktivitetane.
- Lage arbeidsoppgåver.
Undervisningsopplegg
Abonner på:
Innlegg (Atom)