Innlevering 01.2011.
Vi er tre realfaglærarar som har valt å lage eit undervisningsopplegg i naturfag Vg1 om varmepumpe. Med utgangspunkt i læreplanen:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1099072&visning=5&sortering=2&kmsid=1099083
Kompetansemålet vi har for dette undervisningsopplegget er:
Gjer greie for korleis varmepunper virkar, og i kva samanheng varmepumper vert brukt.
Varmepumpe vert sett på som ein energisparar, men det viser seg at i mange heimar brukar dei ikkje mindre elektrisitet ved å ta i bruk varmepumpe. Korleis kan det forklarast?
Vi vil gjennom dette opplegget lære elevane om prinsippet for varmepumpe gjennom:
- Presentasjon av temaet, med innlagt videofilm.
- Teorioppgåver på grunnlag av presentasjonen og oppgåver med nye videofilmar, der elevane arbeider i grupper og brukar Google dokument til å løyse oppgåvene.
- Praktisk utprøving av fysiske prinsipp i varmepumper.
- Demonstrasjon av modellvarmepumpe med tilhøyrande oppgåver og innlevering som elevforsøk
- Elevane lagar ein presentasjon der dei viser fagkunnskap om emnet samtidig som dei lærer seg/brukar presentasjonverktøyet i Google dokument.
Arbeidsfordelinga i gruppa har vore veldig grei, vi valde å dele i 3 hovudområde der vi hadde hovudansvar for kvart vår:
- Lage ein presentasjon.
- Finne filmar/videoar og utarbeide dei praktiske aktivitetane.
- Lage arbeidsoppgåver.
Undervisningsopplegg
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar