Dette er ei fagblogg skriven som eit refleksjonsnotat i samband med vidareutdanning IT307. Innlevering 01. Februar 2011.
Oppgåva er laga i høve til kompetansemålet:
Gjere greie for korleis varmepumper virkar, og i kva samahengar varmepumper vert brukt
Oppgåva er laga i høve til kompetansemålet:
Gjere greie for korleis varmepumper virkar, og i kva samahengar varmepumper vert brukt
Naturfag Vg1 studiespesialisering er eit fag der det finns svært mange digitale resurssar, både slike som er pedagogisk tilrettelagde for undervisning som nettstader knytta opp til lærebøker,NDLA,Viten. no, naturfag.no osv. i tillegg er det eit konglomorat av andre nettresurssar ein kan bruke. I mi undervisning i dette faget brukar eg mange og varierte resurssar for å nå flest mogleg elevar på det nivået dei er på. I følge ITU Monitor 2009 har vidaregåande skule kome lenger i å ta i bruk IKT i det fagleg pedagogiske arbeidet en grunnskulen, det meiner eg stemmer godt for mitt fag. Vi har god dekning av maskiner - elevane har eigne bærbare. Skulen har satsa på IKT- bruk,det vil og påverke elevane sin digitale kompetanse.
I læreplanen for naturfag, spesielt i "Forskarspiren" vert det vektlagt: utforsking, måling,visulalisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering og desse er spesielt knytt opp mot det å vere digital.Gjennom arbeidet med denne oppgåva har vi prøvt å tilrettelegge arbeidet slik at vi får ta i bruk flest mogleg av desse omgrepa.Dessutan er det å bruke konkrete praktiske modellar i tillegg til IKT veldig nyttig i det pedagogiske læringsarbeidet, elevane får inn lærestoffet på mange ulike måtar. Vi som lærarar skal i følge Alex Strømme i " Å vere digital i naturfag" s.170
- gjere naturfag tilgjengleg
- gjere tankar synlege
- hjelpe elevane til å lære av kvarandre
- hjelpe elevane "livslang læring"
Ser og i UTI Monitor 2009 at lærarane er mest fornøgde med eigen kompetanseheving i IKT gjennom prøving og feiling samt kollegarettleiing.Prøving og feiling må til og det er ofte svært tidkrevjande, det er godt å ha gode kollegaer ein kan spørje. Eg meiner det er mykje meir lærerikt å gå på eit kurs med pedagogisk tilrettelegging for å få grunnleggande kunnskap om dei ulike verktøya slik at eg langt på veg er sjølvhjelpt, for så å spørje seg til råds når eg står fast.Det handlar og om å ikkje "bruke opp" sine kollegaer.
Gjennom arbeidet med ei slik oppgåve lærer ein å vere digital, det innebær at " verktøybruken blir en internalisert del av ens handlingsmønstre --- først når vi ikke lenger tenker over at den er der, er den helt integrert og kan brukes effektivt" (Hildegunn Otnes s. 14) Det er og å håpe at kunnskapen kan vere grunnlag for ny praksis. Her kjem dei 3-R-ane som Hildegunn Otnes omtalar inn.
Relevans - lære seg til å sjå dei digitale media i ein fagleg samanheng og late elevane bruke dei
relevant.
Repertoar - omfattar dei konkrete moglegheitene som finns i digitale medier og som utgjer eit potensialt
repertoar i det faget eg underviser i. Eg har gjennom dette arbeidet heilt klart oppdaga nye ting
som eg kan gjere meg nytte av i undervisninga.Som ved bruk av Google dokument opplasta til
Fronter automatisk vert oppdaterte.
Refleksjon - det metaperspektivet og den evna til nytenking som er nødvendig å ha i alt undervisningsarbeid,
spesielt i høve til digitale medier.
Ser at det vanskleg let seg gjere å få laga eit godt undervisningsopplegg med utgangspunkt i dei 3 R-ane utan å ha eit solid fagleg fundament i botnen. Skal læraren vere ein fagleg tilretteleggar, inspirator og vegleiar og samstundes vere bevisst på kvifor ein vel å bruke ulike nettresurssar og læringsplattformer konstruktivt må den faglege -, pedagogiske - og digitale kunnskapen hos læraren vere god.
Kjelder:
Hatlevik, O E: ITU MOnitor 2009 - Skolens digitale tilstand
Otnes, Hildegunn: Å vere digital i alle fag. Unuversitetsforlaget 2009. Oslo
Strømme, Aksel: Å vere digital i naturfag
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar