torsdag 17. februar 2011

Digital kompetanse i pedagogisk arbeid

Dette er ei fagblogg skriven som eit refleksjonsnotat i samband med vidareutdanning IT307. Innlevering 01. Februar 2011.

Oppgåva er laga i høve til kompetansemålet:
Gjere greie for korleis varmepumper virkar, og i kva samahengar varmepumper vert brukt

Naturfag Vg1 studiespesialisering er eit fag der det finns svært mange digitale resurssar, både slike som er pedagogisk tilrettelagde for undervisning som nettstader knytta opp til lærebøker,NDLA,Viten. no, naturfag.no osv. i tillegg er det eit konglomorat av andre nettresurssar ein kan bruke. I mi undervisning i dette faget brukar eg mange og varierte resurssar for å nå flest mogleg elevar på det nivået dei er på. I følge ITU Monitor 2009 har vidaregåande skule kome lenger i å ta i bruk IKT i det fagleg pedagogiske arbeidet en grunnskulen, det meiner eg stemmer godt for mitt fag. Vi har god dekning av maskiner - elevane har eigne bærbare. Skulen har satsa på IKT- bruk,det vil og påverke elevane sin digitale kompetanse.
I læreplanen for naturfag, spesielt i "Forskarspiren" vert det vektlagt: utforsking, måling,visulalisering, simulering, registrering, dokumentasjon og publisering og desse er spesielt knytt opp mot det å vere digital.Gjennom  arbeidet med denne oppgåva har vi prøvt å tilrettelegge arbeidet slik at vi får ta i bruk flest mogleg av desse omgrepa.Dessutan er det å bruke konkrete praktiske modellar i tillegg til IKT veldig nyttig i det pedagogiske læringsarbeidet, elevane får inn lærestoffet på mange ulike måtar. Vi som lærarar skal i følge Alex Strømme i " Å vere digital i naturfag" s.170
  1. gjere naturfag tilgjengleg
  2. gjere tankar synlege
  3. hjelpe elevane til å lære av kvarandre
  4. hjelpe elevane "livslang læring"
Spesielt under punkt 3 her er Gooogle dokument eit godt verktøy der elevane kan samarbeide om oppgåver gjennom delingsverktøyet. Gjenom å bruke videofilmar og praktiske modellforsøk er det lettare å visualisere og levandegjere vansklege prosessar i ei varmepumpe.
Ser og i UTI Monitor 2009 at lærarane er mest fornøgde med eigen kompetanseheving i IKT gjennom prøving og feiling samt kollegarettleiing.Prøving og feiling må til og det er ofte svært tidkrevjande, det er godt å ha gode kollegaer ein kan spørje. Eg meiner det er mykje meir lærerikt å gå på eit kurs med pedagogisk tilrettelegging for å få grunnleggande kunnskap om dei ulike verktøya slik at eg langt på veg er sjølvhjelpt, for så å spørje seg til råds når eg står fast.Det handlar og om å ikkje "bruke opp" sine kollegaer.
Gjennom arbeidet med ei slik oppgåve lærer ein å vere digital, det innebær at " verktøybruken blir en internalisert del av ens handlingsmønstre --- først når vi ikke lenger tenker over at den er der, er den  helt integrert og kan brukes effektivt" (Hildegunn Otnes s. 14)  Det er og å håpe at kunnskapen kan vere grunnlag for ny praksis. Her kjem dei 3-R-ane som Hildegunn Otnes omtalar inn.

Relevans -   lære seg til å sjå dei digitale media i ein fagleg samanheng og late elevane bruke dei
                   relevant.
Repertoar - omfattar dei konkrete moglegheitene som finns i digitale medier og som utgjer eit potensialt
                   repertoar  i det faget eg underviser i. Eg har gjennom dette arbeidet heilt klart oppdaga nye ting
                   som eg kan gjere meg nytte av i undervisninga.Som ved bruk av Google dokument opplasta til
                   Fronter automatisk vert oppdaterte.
Refleksjon - det metaperspektivet og den evna til nytenking som er nødvendig å ha i alt undervisningsarbeid,
                   spesielt i høve til digitale medier.
Ser at det vanskleg let seg gjere å få laga eit godt undervisningsopplegg med utgangspunkt i dei 3 R-ane utan å ha eit solid fagleg fundament i botnen. Skal læraren vere ein fagleg tilretteleggar, inspirator og vegleiar og samstundes vere bevisst på kvifor ein vel å bruke ulike nettresurssar og læringsplattformer konstruktivt må den faglege -, pedagogiske - og digitale kunnskapen hos læraren vere god.

Kjelder:
Hatlevik, O E: ITU MOnitor 2009 - Skolens digitale tilstand
Otnes, Hildegunn: Å vere digital i alle fag. Unuversitetsforlaget 2009. Oslo
                            Strømme, Aksel: Å vere digital i naturfag                                 

onsdag 16. februar 2011

Varmepumpe - ein energisparar?

Dette er ein fagblogg skriven i samband med vidareutdanning IKT307 Oppgåve A.
Innlevering 01.2011.
Vi er tre realfaglærarar som har valt å lage eit undervisningsopplegg i naturfag Vg1 om varmepumpe. Med utgangspunkt i læreplanen:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1099072&visning=5&sortering=2&kmsid=1099083
Kompetansemålet vi har for dette undervisningsopplegget er:
Gjer greie for korleis varmepunper virkar, og i kva samanheng varmepumper vert brukt.

Varmepumpe vert sett på som ein energisparar, men det viser seg at i mange heimar brukar dei ikkje mindre elektrisitet ved å ta i bruk varmepumpe. Korleis kan det forklarast?
Vi vil gjennom dette opplegget lære elevane om prinsippet for varmepumpe gjennom:
  1. Presentasjon av temaet, med innlagt videofilm.
  2. Teorioppgåver på grunnlag av presentasjonen og oppgåver med nye videofilmar, der elevane arbeider i grupper og brukar Google dokument til å løyse oppgåvene.
  3. Praktisk utprøving av fysiske prinsipp i varmepumper.
  4. Demonstrasjon av modellvarmepumpe med tilhøyrande oppgåver og innlevering som elevforsøk
  5. Elevane lagar ein presentasjon der dei viser fagkunnskap om emnet samtidig som dei lærer seg/brukar presentasjonverktøyet i Google dokument.
Vi tenker at elevane skal bruke omlag 4 timar på fagleg- pedagogiske aktivitetar  som er direkte knytta opp til bruken av Google dokument. Punkt 3 og 4 med praktisk utprøving vil ta 2 timar. Dette forutset at elevane kan noko om bruken av Google dokument på førehand. I motsett fall vil det bli trong for opplæring i teknisk bruk og då kan vi nok rekne med 2 timar til.
Arbeidsfordelinga i gruppa har vore veldig grei, vi valde å dele i 3 hovudområde der vi hadde hovudansvar for kvart vår:
  • Lage ein presentasjon.
  • Finne filmar/videoar og utarbeide dei praktiske aktivitetane.
  • Lage arbeidsoppgåver.
Vi lagde kvar våre utkast, sette oss ned i gruppe og gjekk gjennom det faglege stoffet, drøfta bruken av bilete/videoar opp mot den målsetjinga vi har, løyste tekniske ting i lag. Den største utfordringa har nok vore  den tekniske bruken av Google dokument, då dette var nytt for meg og det er tidkrevande å setje seg inn i nye ting. Har bruk litt tid på prøving og feiling og utforsking av dette verktøyet.  Vi har hatt ei gruppe som har fungert godt, men samtidig har det vore ei utfordring å finne opningar i ein hektisk skulekvardag der gruppa kan setje seg ned og samarbeide.

Undervisningsopplegg