Blogg skriven i samband med vidareutdanning IT307.Modul 3. Arbeidskrav: Informasjonskompetanse.
UNGDOM OG MEDIEVANER
Diigo-gruppa vår: Triplett
Wiki: Ungdom og medievaner
Dette er ei oppgåve der vi har hatt hovudfokus på "Ungdom og medievaner". Eit viktig tema, vi ser at IKT har samfunnsendrane kraft, påverkar tilhøva for menneskleg samhandling og kontakt. Det har stor sosial, politisk og kulturell innverknad på nordmenns daglegliv. (SSP. IKT)
Vi er tre på gruppa og har valt å skrive tre korte artiklar om fylgjande tema: Generasjonskløfta, blogging og mobbing når det gjeld ungdom sine medievaner.På vår gruppe har vi valt å tolke det som står i arbeidskravet "alle skal ha bidrege i alle artiklar" som at kvar av oss har vore inne på kvar artikel og skrive litt kvar med utgangspunkt i den kjeldelista vi har laga på diigo, sett inn video, podcast og liknande.Det har vore mykje arbeid, for ein som aldri har brukt desse vertøya før tek det litt tid å setje seg inn i korleis dei vert brukte og få det "tekniske litt inn i fingrane" Den andre store utfordringa har vore å finne stoff til artiklane. Det som karakteriserer ungdom sin mediebruk er at dei er mykje på nett og mange er svært ukritiske ved søk og bruk av kjelder - nokre brukar nettet opptil 8 timar pr.døgn. Internett har vorte ein fritidskultur og svært mange publiserer mykje på Internett- delvis svært ukritisk. (Dalgarden, Tone, Ottestad,Geir og Tømte, Chatrine: Kildekritikk og kritisk refleksjon- Forskning viser)Difor er det naturleg å sjå litt på kjeldekritikk. Meir enn nokon gong har eg sett jungelen av stofftilfang som finns ute på nettet,og har arbeid med type kjelde, søk og kjeldekritikk. Har brukt mykje tid på å reflektere rundt og vurdere dei ulike kjeldene. Kva blir presentert og på kva måte? Her vert TONE eit nøkkelord ved vurdering av informasjonskjelder.TONE står for 4 viktige nøkkelord ved vurdering av informasjonskjelder.Truverdig - er kjelda sikker? Objektiv - er kjelda nøytral? Nøyaktig- finn eg slurv og juks? Eigna - finn eg dei svara eg treng? Dersom eg kan svare ja på desse spørsmåla, kan eg vere sikker på at det er ei kjelde eg kan nytte.
TONE- Kvalitetsvurdering av kjelder
I tillegg til arbeidet med kjeldene i lista på diigo var neste trinnet å velje ut og finne ei god plassering av tekst, video, podcast og bilete slik at det vart presentert som ein heilheit i kvar artikel. Spørsmåla her vert: Kva blir presentert, på kva måte og korleis kommuniserer det utvalde stoffet?
På Wiki har vi vore gjennom ein skriveprosess med utgangspunkt i kunnskapsbasen vi laga på diigo.Arbeidet på Wiki likte eg, å ta i bruk diskujonsvertøyet var veldig nyttig. Det at eg har jobba så mykje med det fører til at eg etterkvart føler meg så trygg på å arbeide på denne måten.Gjennom dette arbeidet føler eg at eg har lært så mykje at eg kan tenke meg å ta dette i bruk med elvane mine på eit høvleg emne.Ser samtidig at det i eit slikt undervisningsopplegg er viktig å setje av god tid både til den reint tekniske bruken og ikkje minst legge vekt på kjeldekritikk.
Kjelder.
Kjelder, søk og samarbeid.
IKT-KURS. Lærere VGS. Modul 3 - 3.samling
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar