torsdag 31. mars 2011

Bruk av fagnettverk i naturfag som støtte for læring.

Dette er ein fagblogg skriven som eit refleksjonsnotat i samband med vidareutdanning i IT307, innlevering 2.april 2011.Arbeidskrav 2.

Med utgangspunkt i dei 2 kompetansemåla  i Bioteknologi naturfag Vg1, studiespesialiserande:
  • forklar genetisk kode og hovudtrekka i proteinsyntesen samt diskutere betydninga av arv og miljø 
  • vurder informasjon om og drøfte etiske spørsmål knytta til bioteknologi 
har eg laga eit undervisningsopplegg og skrive ei oppgåve med tittelen: "Fordeler og ulemper knytt til pedagogisk bruk av sosiale medier"  og gjennom dette gje  elevane ei fagleg god og reflektert undervisning for å svare på spørsmålet: "Skal vi tillate genmodifisert mat i Noreg?" i temaet bioteknologi i naturfag Vg1.                                                                                                                                                         Bioteknologi er i utgangspunktet eit svært omfattande tema og deler av det er vanskeleg fagleg stoff. Det er og ei viktig etisk side ved dette temaet som vi må setje lys på i undervisninga. Ute på nettet er det ein "jungel" av stoff som tek for seg dette temaet.Det finns mange svært gode og kvalitetssikra læringsressurasar,samtidig er det mykje som må sjåast på med kritiske auge.  Eg har brukt ein god del tid på å gå gjennom og studere ulike læringsressursar og har så valt ut dei eg meiner dekker kompetansemåla best og bygt dei inn i undervisningsopplegget.          
Har valt å bygge undervisningsopplegget rundt viten.no : Genteknologi. Ved å stille spørsmålet: "Skal vi tillate genmodifisert mat i Noreg?" og late det ende ut i ein paneldebatt om emnet som avslutning av undervisningsopplegget, vert det ein "raud tråd" gjennom opplegget. Vil tru at det motiverer elevane betre og det er med på å hjelpe dei å avgrense det fagstoffet som dei skal arbeide med. Dei har noko heilt konkret å gå ut frå i læringsarbeidet og dei må vere budde på å vise overfor både seg sjølv og andre at dei har vore gjennom ein læringsprosess.Har valt å presentere fagstoffet i ein presentasjon der alle figurar/bilete er henta frå lokus.no, der alle figurar frå læreboka er å finne.Firgurar/bilete vert presenterte i ulike samanhengar, elevane kjenner dei igjen. Di fleire gonger dei møter figurane, di større sjanse er det for at dei hugsar dei og det dei står for.I tillegg til læreboka har eg valt å bruke mange ulike læringsressursar.Dette er ei bevisst val, for ta i bruk så mange sansar som mogleg hos elevane for ei betre læring.Prøve å skape ei spennande og variert undervisning som kan engasjere elevane sjølv om ein del av fagstoffet  til dels er veldig vanskeleg.
I dette undervisningsopplegget vil eg legge til rette for eit lærringsmiljø som læringsfelleskap, ved å bruke nettbaserete diskusjonsfora, felles oppgåvelevering, samskriving av dokument og gje nettbasert tilbakemelding i tillegg til munnleg. Lærinssstrategien her er i hovudsak samarbeidsstrategi, der elevane skal samarbeide om å løyse opppgåver, utveklse info og løysingsforslag ved hjelp av sosiale media som Twitter og google.docs.
Når fagstoffet er gjennomgått vil eg sleppe elevane laus på nettet og bruke Twitter, opprette adresse for eit område der dei kan samle sine nettadresser som omhandlar dette temaet. Dermed får dei ein bank av nettadresser som alle har tilgong på og her er det rimleg å ta fram kva som er kriterier for gode faglege kjelder.  Dette fører vi så vidare i førebuinga av paneldebatten der dei som har same roller nyttar google.docs og presentasjonsvertøyet i google.docs for å systematisere og presentere sine argument.  Dei legge fram fagstoff og deler med kvarandre og gjennom dette er dei med å korrigere og kvalitetsikre sine argument til bruk i debatten.Dei deltek  i eit fagopplegg der dei kan  ta i bruk digitale ferdigheiter som dei gjerne brukar på fritida.                                                                                                                                                     Har prøvd å lage eit variert og spennande undervisningsopplegg om eit aktuelt og vanskleg tema, der eg har teke i bruk ulike undervisningsmetodar, læringsmiljø, læringsstrategiar og ulike læringsnettverk for å støtte elevane i læringsarbeidet.                                                                                                                           Er det nokon som har tilbakemeldingar å gje på dette opplegget?

Undervisningsopplegg


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar